Siste dagen
No er alt pakka igjen. Har vore her i Chillán sidan sundag. I natt reiser eg med buss frå Chillán til Santiago, og i morgon blir det fly Santiago-Sao Paulo-Amsterdam-Bergen. Ein fin liten 36 timars tur, alt i alt.
Då vi var på rundtur blei det lite tid til blogging og det var litt knapt med internett innimellom. Derfor blei innlegga under "Siste nytt" sendt på SMS frå telefonen via Twitter. Får sjå om det kan bli nåken skikkelege blogginnlegg med bilder og litt mimring når eg kjem heim.
Eg har fått med meg endå meir enn eg hadde trudd på desse tre vekene, så eg må sei meg veldig fornøyd med turen. Har funne mange flotte plassar som har lyst å reisa tilbake til, mellom anna Tigre, ein bydel/forstad til Buenos Aires med kanalar, elvebåtar og mange flotte små øyer, og den aktive vulkanen Villarica ved sida av Pucon i Chile, der draumen hadde vore å stå ned på ski. Er det nokon som vil vera med?
Bildet er tatt av Jault


