14 Nov 2007
På plass på eit hostell i Bariloche, Argentina, stappmett på pizza. I morgon kveld flyr vi til Buenos Aires
13 Nov 2007
Såg delfinar, sjøløver og pelikanar på ferja inn til fastlandet
13 Nov 2007
Sitt på bussen østover til Bariloche, rett over grensa til Argentina. Er framme om ti timar
13 Nov 2007
Formen er betre. Siste kveld i Castro, Chiloe. Åt ein fantastisk middag med stor dessert. Skal tidlig opp i morgon for å ta buss vidare
12 Nov 2007

Ut på tur

No har Mariaene ei og ei halv veke fri, og vi er på reis. Først går turen sørover i Chile og så til Argentina. Dette har eg gleda meg veldig til. Første stopp var Pucón, ein liten by som ligg ved foten av ein 2800 meter høg aktiv vulkan. Ein kan tydeleg sjå at det ryk frå han, og i sentrum er det grønt, gult og rødt lys som varslar aktiviteten. Rødt betyr evakuering. På bussholdeplassen blei vi kuppa av ein veldig koselig mann som hadde plass i hostellet sitt til oss. Han pruta seg sjølv ned frå 60,- til 50,- etter at vi hadde sagt ja, så det er tydeligvis lavsesong. Det var peis og kjøkken på rommet, trådlaust internett og ikkje måte på gjestfriheit. Han hadde ein bror som dreiv restaurant, så der fekk vi 10%. Dagen etter heiv vi oss på ein ridetur. Vi tilbydde vår kjære vert ein halv dags ekstra leiga for å få oppbevara baggasjen og ta ein dusj då vi kom tilbake, men han insisterte på at det var gratis.
Rideturen var stor suksess. Vi endte opp ved ein 84 meter høg foss, Salto del Claro. Eg tenkte på forhånd at eg har no sett ein foss før, men denne var så gedigen og idyllisk at vi blei ståande og gapa. Neste gong eg er i byen har eg lyst å klatra opp på vulkanen, og helst stå ned igjen på ski.
Så bar det vidare til Puerto Montt, litt øm her og der. På busstasjonen blei vi igjen møtt av ein som tilbydde oss hostell. Men så kom det ei triveleg chilensk jenta og sa at det strøket som hostellet hans låg i ikkje var heilt trygt, ho kunne visa oss eit bedre. Ho kom med buss frå Santiago og jobba her i byen. Vi tok taxi i lag til hostellet, og etterpå tok ho oss med ut og åt ein god middag. Vi hadde gode samtalar om livet i Chile og i Norge, og fekk tips om eit marked med håndtverk der vi gjekk neste dag. Planen om å spandera middagen på ho som takk for hjelp og ein hyggeleg kveld blei blankt avvist. Det var ikkje snakk om anna enn at hos skulle spandera på alle oss. Så gjekk vi heim til hostellet, glade, mette og litt satt ut over kor heldige vi var og kor flotte folk vi møtte. Etter at jentene hadde fått handla frå seg på markedet reiste vi til Chiloé. Øya er kjend for uvanlig arkitektur, over hundre trekyrkjer og spenstige myter om både spøkelsesskip, hekser og mørke krefter. Det kan sjå ut som om filmen "Pirates of the Carribean" har henta litt inspirasjon frå dei. Men sånne ting har vi ikkje merka noko til, vi har berre funne ei sjarmerande, idyllisk øy med trivelege folk, rolig tempo og god mat.
Den eldste kyrkja, bygd på slutten av 1700-tallet med trepluggar og ikkje ein einaste spikar
12 Nov 2007
Er litt forkjølt så eg kviler mens dei andre er i ein nasjonalpark i lag med to frå Belgia og ein frå Tyskland i ein bil lånt av hostellet
9 Nov 2007

Ei helg i Santiago

Santiago er ein moderne storby og liknar nesten på ein europeisk by, så lenge ein held seg i bykjernen. Prisnivået derimot liknar ikkje, og når ei kan eta på ein gourmet-restaurant for 70 kroner så er må ein jo nytta seg av sjansen. Eg syns det er spennande med litt eksotisk mat og Chile er jo gode på fisk, så eg fekk prøvd meg på både hai og sverdfisk.
Hai Haien var det litt lite smak på. Sverdfisken var grovare i kjøttet med veldig mykje smak.
Sverdfisk Vi var også på ein "plaza" i sentrum der mange kunstnarar stiller ut og selger bilder. Eg og Maria fekk kjøpt oss eit 1 1/2 m langt nydelig maleri av chilenske fjell. Han byrja med å sei at prisen eigentleg var 800 kr, men det var spesialtilbud i dag på 400. Vi fekk det til slutt for 300. Eg har ikkje heilt gløymd gamle prutekunstar. Vi fekk også med oss en tur som Mariaene hadde skrytt veldig av, med Santiago si "fløybana" opp på eit lite fjell med utsikt over byen.
Utsikt over Santiago frå Cerro San Cristóbal
5 Nov 2007

Reisa

Reiseruta var Bergen - Amsterdam - Lima - Santiago. Det fyrste strekket var ein fryd. Eg er jo veldig glad i fly, og koste meg både over aksellerasjonen, utsikten og over å vera på reis igjen. Det andre strekket over "fjorden" starta bra, men 14 timar er jo ei god stund. Etter to aviser, fleire kapittel i ei bok, ein time med turbulens og ein hysterisk unge i setet framfor meg og 2 1/2 film så var det framleis 8 timar igjen.
Solnedgang på flyplassen i Lima Då turbulensen hadde vara ei stund byrja folk å bli utolmodige. Fleire var klare både for toalettbesøk og å strekka litt på beina. Flyvertane blei etterkvart litt ampre og måtte fram med sintestemma for å få folk til å sitta i ro. Då dei med ungen framfor meg ville gå litt rundt med han, presterte flyverten å sei; "Dåke må sitta med setetbeltet på! Folk har blitt slengt i taket. Eg har sett det med eigne augo. Klistra i taket...". Det fungerte jo veldig bra for å få dei til å sitta i ro, men var kanskje ikkje så pedagogisk i tilfelle folk rundt ikkje var så begeistra for å fly. I Lima fekk eg igjen smaka min gamle favoritt, Inka Kola. Peru var lenge ein av dei få (det einaste?) landet i verda der Coca Cola ikkje var den mestseljande leskedrikken, det var nemlig Inka Kola. Men no høyrer eg rykte om at Coca Cola har kjøpt opp minst halvparten av Inka Kola. [Oppdatering: Peru er eit av to land i verda der Coca Cola ikkje er den mestselgande leskedrikken. (Det andre er Skotland.) I 1999 kjøpte Coca Cola Company 50% av Inca Kola for $300 millionar.]
Vel framme i Santiago, kl 02.30 lokal tid hadde eg på førehand bestilt taxi, og kom meg greitt fram til hotellet der Maria og Maria venta på meg. Eg treng vel ikkje sei anna enn at det var eit gledeleg gjensyn.
1 Nov 2007

Kvelden før

Klokka er 00.15. No er alt pakka og klart. Kvar minste detalj har blitt dobbeltsjekka, og listene har blitt flittig brukt. No innbiller eg meg at eg har kontroll. Den gnagande følelsen eg hadde for eit par dagar sidan av at eg hadde gløymt noko veldig viktig har sluppe taket. Freden har senka seg, men spenningen er absolutt til stades. Om 3 timar står eg opp igjen og køyrer til Flesland. Eg skal ut på reis i den store vide verda for fyrste gong på nesten 5 år. Og når eg landar i Chile etter 24 timar så står kjærasten min, som eg ikkje har sett i heile høst, og ventar på meg. Kan det bli betre?
P.S. Dei som vil ha kort må senda adressa.
28 Oct 2007

Graffiti

Eg er for tida ganske fascinert av sjablong-graffiti. Det fins mange fine rundtom i Bergen, og eg oppdagar stadig nye. Eg tvilar på at dei som eig veggen likar det, men eg syns det har sjarm.

Bjarte Minde

Glad i god mat, gode filmer, musikk, bøker, fjell og ski, lager programmer for Mac og iPhone, er nysgjerrig på det meste og alltid klar for å lære noe nytt.

Min Google-profil