Bjarteblogg

Hackarar krev løysepengar frå bibliotek – NRK

https://www.nrk.no/vestland/hackarar-krev-loysepengar-fra-bibliotek-_-her-ma-ho-lane-vekk-boker-pa-gamlematen-1.15552766

Systemleverandøren Axiell vart denne veka hacka, som har lamma tenestene til mange lokalbibliotek.

Kring halvparten av alle bibliotek i Noreg er råka av hackinga. Dei store bybiblioteka har eigne system, og er ikkje råka.

Hackarane har bedt om løysepengar, men det er uvisst kva sum det er snakk om. Hillestad har ikkje gått i dialog med hackarane.

– Det er ikkje eit alternativ å betala ut løysepengar for å få tilgang til eigne data. Me samarbeider ikkje med kriminelle på nokon som helst måte.

Dei jobbar no med å få på plass ei backup-løysing, som skal vera klar til bruk frå neste veke av.