Ei helg i Santiago
Santiago er ein moderne storby og liknar nesten på ein europeisk by, så lenge ein held seg i bykjernen. Prisnivået derimot liknar ikkje, og når ei kan eta på ein gourmet-restaurant for 70 kroner så er må ein jo nytta seg av sjansen. Eg syns det er spennande med litt eksotisk mat og Chile er jo gode på fisk, så eg fekk prøvd meg på både hai og sverdfisk.

Hai
Haien var det litt lite smak på. Sverdfisken var grovare i kjøttet med veldig mykje smak.

Sverdfisk
Vi var også på ein “plaza” i sentrum der mange kunstnarar stiller ut og selger bilder. Eg og Maria fekk kjøpt oss eit 1 1/2 m langt nydelig maleri av chilenske fjell. Han byrja med å sei at prisen eigentleg var 800 kr, men det var spesialtilbud i dag på 400. Vi fekk det til slutt for 300. Eg har ikkje heilt gløymd gamle prutekunstar. Vi fekk også med oss en tur som Mariaene hadde skrytt veldig av, med Santiago si “fløybana” opp på eit lite fjell med utsikt over byen.

Utsikt over Santiago frå Cerro San Cristóbal
Foreløpig ingen kommentarar