Bjarteblogg
Bange anelser…

torsdag 22.november 2007

reise, sutring

Ei lang natt på bussen

I natt tok eg buss i fem timar frå Chillán til Santiago. Eg spanderte på meg 25,- ekstra (=75,-) for å få “Ejecutivo”, ekstra gode seter, meir beinplass og leggstøtte. Det er den finaste bussen eg har køyrt med nokon gong. Med ein gong eg kom inn døra høyrde eg ei umenneskeleg snorking. Eg gjekk bakover til setet mitt, og der i setet ved sida av satt han. Her snakkar vi ikkje vanlig snorking, tenk heller lyden av å eta gelé med sugerør. Og det er stadig full stopp. Fyrst 4-5 små sup, der han berre får inn ein munnfull med luft før det klistrar seg igjen. Så er det stille ei lita stund, og så når kroppen sikkert skrik etter oksygen gjer lungene ei skikkeleg kraftanstrenging og drar kraftig inn mens det surklar, dirrar, blaflar og durar. Så kjem eit par kjappe, paniske inn- og utpust før heile runden gjentar seg. Sånn fortsatte det heile natta. Takk og lov for øyreproppar, som i det minste klarte å stenga ute litt. Eg klarte faktisk å sovna etter ein times tid. Berre ein dag, ei natt og ein halv dag til igjen av reisa.


7 kommentarar

Maria
22.november 2007 - 08:21

Hei min kjære!
Hørtes forferdelig ut med den snorkingå asså… Håpe d går bra me deg øve Atlanteren! Savne deg allerede!

Klem


Magnus
23.november 2007 - 05:16

Typisk deg:)
Jaja… ikkje alle kan bli ramma av tilfeldighetane:)


Bjarte
23.november 2007 - 09:06

@Magnus: Blei ikkje rana, overfalt eller matforgifta denne gangen, så eg bør vel vera ganske så fornøyd.


joppis
24.november 2007 - 09:42

velkommen him at. Skulle fått til en fest en dag.
Godt du kom deg helskinnet hem.
snakkes en dag

gleder meg til kort i posten.


Bjarte
24.november 2007 - 09:44

@joppis: Ja, eg e klar. Kortet kjem om ca. ei veke, tippa eg.


Reidun Tveit
28.november 2007 - 08:25

Hei!

Godt å høyre at du er komen velberga tilbake til Norge. Det var godt å vite at du var med på rundturen de hadde i Chile og Argentina. Turen hadde nok ikkje blitt så spennande og innhaldsrik om ikkje du var med, trur eg. Eg er glad for at du reiste på besøk. Håper alt står bra til med deg.

Helsing Reidun


Bjarte
28.november 2007 - 08:45

Eg er veldig glad for at eg reiste eg óg :) Det var ein fantastisk tur.


Skriv ein kommentar:

Forrige innlegg Neste innlegg