Mimring - trafikkreglar
Medan eg sit her heime i Arna, med lavt skydekke og regn, mimrar eg litt om lysare dagar i sydlige strøk. Trafikken i Chile var mykje meir organisert enn til eksempel i Bolivia og Peru. Men også her har dei eit litt avslappa forhold til felt. Går det fem bilar i bredden så er det ikkje så nøye om det er merka opp berre tre felt. Og ligg ein midt på streken så går det jo mykje kjappare å byta felt når det skulle trengast. Blinklys må for all del ikkje brukast. Og skal du blinka deg inn til sida, bruk nødblink. Men raudt lys blir tatt omsyn til. Her er det ikkje som i Bolivia at den som tutar fyrst køyrer fyrst. I rundkøyringane har dei motsette vikepliktsreglar av det vi har. Dei inne i rundkøyringa har vikeplikt for dei som kjem køyrande inn. Men det du kanskje må læra deg aller fyrst er å ikkje planleggje framover i trafikken. Er det raudt lys i neste lyskryss 100m lenger framme, så må ein opp i 80 før ein kan bråbremsa igjen.
1 kommentar