Reiseruta var Bergen - Amsterdam - Lima - Santiago. Det fyrste strekket var ein fryd. Eg er jo veldig glad i fly, og koste meg både over aksellerasjonen, utsikten og over å vera på reis igjen. Det andre strekket over "fjorden" starta bra, men 14 timar er jo ei god stund. Etter to aviser, fleire kapittel i ei bok, ein time med turbulens og ein hysterisk unge i setet framfor meg og 2 1/2 film så var det framleis 8 timar igjen.
Solnedgang på flyplassen i Lima
Då turbulensen hadde vara ei stund byrja folk å bli utolmodige. Fleire var klare både for toalettbesøk og å strekka litt på beina. Flyvertane blei etterkvart litt ampre og måtte fram med sintestemma for å få folk til å sitta i ro. Då dei med ungen framfor meg ville gå litt rundt med han, presterte flyverten å sei; "Dåke må sitta med setetbeltet på! Folk har blitt slengt i taket. Eg har sett det med eigne augo. Klistra i taket...". Det fungerte jo veldig bra for å få dei til å sitta i ro, men var kanskje ikkje så pedagogisk i tilfelle folk rundt ikkje var så begeistra for å fly.
I Lima fekk eg igjen smaka min gamle favoritt, Inka Kola. Peru var lenge ein av dei få (det einaste?) landet i verda der Coca Cola ikkje var den mestseljande leskedrikken, det var nemlig Inka Kola. Men no høyrer eg rykte om at Coca Cola har kjøpt opp minst halvparten av Inka Kola. [Oppdatering: Peru er eit av to land i verda der Coca Cola ikkje er den mestselgande leskedrikken. (Det andre er Skotland.)
I 1999 kjøpte Coca Cola Company 50% av Inca Kola for $300 millionar.]
Vel framme i Santiago, kl 02.30 lokal tid hadde eg på førehand bestilt taxi, og kom meg greitt fram til hotellet der Maria og Maria venta på meg. Eg treng vel ikkje sei anna enn at det var eit gledeleg gjensyn.