bjarteblogg.com

jeg fant, jeg fant
« Back to blog
Oct 27
Views

Slepp meg!

Eg har fått ein ny song på hjernen. Eg høyrde den fyrst på ein Saab reklame, og fekk frysningar på ryggen. Planen var å finna ut kven som spelte, men det var fyrst då eg høyrde den igjen hos Hilde E at eg fann ut det var "Release me" med det svenske bandet "Oh Laura". Då bar det rett heim på YouTube for å høyra meir, og så måtte eg kjøpa på iTunes så den blei min og eg kunne ha den med meg.

Du finn òg ein live versjon på YouTube, i tillegg til Saab-reklamen der eg oppdaga den. Og ikkje berre er songen fin, men teksten er midt i blinken på ein dårleg dag.