No har Mariaene ei og ei halv veke fri, og vi er på reis. Først går turen sørover i Chile og så til Argentina. Dette har eg gleda meg veldig til.
Første stopp var Pucón, ein liten by som ligg ved foten av ein 2800 meter høg aktiv vulkan. Ein kan tydeleg sjå at det ryk frå han, og i sentrum er det grønt, gult og rødt lys som varslar aktiviteten. Rødt betyr evakuering. På bussholdeplassen blei vi kuppa av ein veldig koselig mann som hadde plass i hostellet sitt til oss. Han pruta seg sjølv ned frå 60,- til 50,- etter at vi hadde sagt ja, så det er tydeligvis lavsesong. Det var peis og kjøkken på rommet, trådlaust internett og ikkje måte på gjestfriheit. Han hadde ein bror som dreiv restaurant, så der fekk vi 10%. Dagen etter heiv vi oss på ein ridetur. Vi tilbydde vår kjære vert ein halv dags ekstra leiga for å få oppbevara baggasjen og ta ein dusj då vi kom tilbake, men han insisterte på at det var gratis.
Rideturen var stor suksess. Vi endte opp ved ein 84 meter høg foss, Salto del Claro. Eg tenkte på forhånd at eg har no sett ein foss før, men denne var så gedigen og idyllisk at vi blei ståande og gapa. Neste gong eg er i byen har eg lyst å klatra opp på vulkanen, og helst stå ned igjen på ski.
Så bar det vidare til Puerto Montt, litt øm her og der. På busstasjonen blei vi igjen møtt av ein som tilbydde oss hostell. Men så kom det ei triveleg chilensk jenta og sa at det strøket som hostellet hans låg i ikkje var heilt trygt, ho kunne visa oss eit bedre. Ho kom med buss frå Santiago og jobba her i byen. Vi tok taxi i lag til hostellet, og etterpå tok ho oss med ut og åt ein god middag. Vi hadde gode samtalar om livet i Chile og i Norge, og fekk tips om eit marked med håndtverk der vi gjekk neste dag. Planen om å spandera middagen på ho som takk for hjelp og ein hyggeleg kveld blei blankt avvist. Det var ikkje snakk om anna enn at hos skulle spandera på alle oss. Så gjekk vi heim til hostellet, glade, mette og litt satt ut over kor heldige vi var og kor flotte folk vi møtte.
Etter at jentene hadde fått handla frå seg på markedet reiste vi til Chiloé. Øya er kjend for uvanlig arkitektur, over hundre trekyrkjer og spenstige myter om både spøkelsesskip, hekser og mørke krefter. Det kan sjå ut som om filmen "Pirates of the Carribean" har henta litt inspirasjon frå dei. Men sånne ting har vi ikkje merka noko til, vi har berre funne ei sjarmerande, idyllisk øy med trivelege folk, rolig tempo og god mat.
Den eldste kyrkja, bygd på slutten av 1700-tallet med trepluggar og ikkje ein einaste spikar