Bjarteblogg

Ankomst

Eg syns vi etterkvart burde ha kome så langt at det er lett å finna ut på internett om eit fly ein ventar på er i rute eller ikkje. I anledning at nokre “kjensfolk” landar på Flesland i dag prøvde eg å finne ei slik side, og blei overraska over at Avinor ikkje berre har ei slik side, men ei veldig god ei til og med. Klikk deg inn på avinor.no, velg flyplass, velg ankomst, og skyv knappen bortover til riktig tid. Og der ser eg jammen at flyet ligg an til å landa 3 min før tida. Pluss i margen til Avinor. På tide å komma seg i bilen.

Bilde-3.png