Schibsted innfører betaling for personvern – NRK
https://www.nrk.no/rogaland/kritisk-til-schibsteds-nye-_betal-eller-samtykk_-modell-1.17866076
No krev Schibsted betaling for at du skal sleppe at dataene dine blir brukte til målretta reklame. Datatilsynet fryktar at personvern er i ferd med å bli ei luksusvare.
...
– Personvern er ein menneskerett som ein ikkje skal betale for, seier direktør i Datatilsynet, Line Coll.
– Personvernforordninga krev at verksemder innhentar samtykke som skal givast frivillig. Datatilsynet set spørsmålsteikn ved om samtykket er reelt sett frivillig dersom alternativet er å betale, held ho fram.
Ho fryktar kva som skjer dersom alle nettstader og appar følgjer etter, og peiker særleg på kva dette har å seie for sårbare grupper.
– Datatilsynet er bekymra for at personvern på internett skal bli reservert for dei rike. Personvernet til andre grupper kan også bli pressa av denne typen løysingar, til dømes barn og unge, eller andre sårbare gruppe som ikkje har høve til å betale eller finne personvernvennlege alternativ, seier Coll.
...
– Etter vårt syn er denne typen løysingar i strid med krava i personopplysningslova. Dette er også bakgrunnen for at vi tidlegare har klaga inn Metas «Pay or OK»-løysing. Saka ligg framleis til behandling hos det irske datatilsynet, seier Myrstad i Forbrukarrådet.