Bjarteblogg

Slepp meg!

Eg har fått ein ny song på hjernen. Eg høyrde den fyrst på ein Saab reklame, og fekk frysningar på ryggen. Planen var å finna ut kven som spelte, men det var fyrst då eg høyrde den igjen hos H E at eg fann ut det var "Release me" med det svenske bandet "Oh Laura". Då bar det rett heim på YouTube for å høyra meir, og så måtte eg kjøpa på iTunes så den blei min og eg kunne ha den med meg.

Du finn òg ein live versjon på YouTube, i tillegg til Saab-reklamen der eg oppdaga den. Og ikkje berre er songen fin, men teksten er midt i blinken på ein dårleg dag.